Denne helga har eg rydda i skjærgården.

Eigentleg synst eg Strandryddedagen er litt teit. Ikkje fordi det ikkje er viktig, for det er det, men fordi å rydde ein dag i året ikkje er nok.
Eg er på tur i skjærgården nokså ofte, og kvar gong fyller turkompaniet opp ei berepose med plastsøppel. Og ein kan ikkje sjå at nokon har rydda der.
I går fylte vi fire søppelsekkar og ei plastkasse. Det er bra for å ha rydda berre ein ettermiddag, men berre ein brøkdel av det vi ryddar i løpet av dei resterande 364 dagane i året. Hadde alle som var med på Strandryddedagen i går plukka søppel kvar laurdag, så ville ein merka forskjell i naturen.

Fokuset til ukas ryddeaksjon har i størst grad vore plast i havet. Det er bra, for plast er eit enormt problem. Ingen stader i havet er fritt for plast lenger. Men det er jo ikkje berre plast som blir skylt opp på land. Kladeisen på biletet over er ei blanding av små plastbitar og mjuk gugge. Eg finn mykje mjuk gugge av varierande konsistens og kvalitet. Og tjære. Sjølv om bruken av tjære har gått ned er det mykje tjære som ender opp i skjærgården.

Det største problemet med plast i havet er dei minste bitane, mikroplast. Størsteparten av mikroplasten kjem frå større plastbitar som smuldrar opp (vanlege plastposar er ein versting!), men eg har òg funne mange små kular slik som den på bilete over.
Eg veit ikkje kva dei er til for, men dei er over alt. Kvifor finst det plast som frå produsenten si side allereie er 5×5 mm?
Men det vi finn absolutt mest av er farga plastsnøre. Dei kjem frå fiskeskøyter, og er relativt sprø plastikk (men ikkje så sprø som vanlege plastposar), slik at dei delar seg opp i bitar som er klin omoglege å plukke opp. Dei små bitane glir ned mellom steinar, blander seg inn i sand og jordsmonn, og vi kjem aldri til å bli kvitt dei. Oppsmuldra plast er ein del av skjærgården vår no.
