Eg hadde jo fått sånn fin, ny plattform å blogge på. Og så skulle eg jo bruke han.
Men som den som les dette sikkert har merka, så er det noko føkk med SSL-sertifikatane til bloggen. Det er out of my hands, for å seie det på god nynorsk.
Samstundes studerar eg 200%, og situasjonar på heimefronten krev meir av tida mi enn før. Det kan ikkje nedprioriterast. Og så treng eg meir sømn i vinterhalvåret, som så mange andre tropedyr busett i ei borealt sone. Så tida strekk ikkje til.
For det er ikkje det at eg ikkje har noko å formidle. Det er ressursane det skortar på. Eg kan jo skrive. Og ja, eg slurvar med målform og skriv alt for lange setningar og brukar fleire språk på ein gong og framandord og rare uttrykk og vendingar, men heilt på jordet er det som regel ikkje. Det er berre det å sette av tid. Eg har jo ikkje sett av tid til å fikse det føkkings SSL-sertifikatet ein gong.
Det eg har gjort er å gå igjennom NOVA-rapporten om seksuelle krenkingar som vart publisert i 2007. Den gong blei funna i rapporten omtala som «sjokktal» i pressa. Tala har ikkje endra seg på 10 år. #metoo
Eg har óg vore hypotetisk gründer i bytte mot 10 studiepoeng, lært meg sjukt mykje om sceneteknikk (og trur framleis eg ikkje kan nokon ting), jobba med fysisk komedie og blitt kjend med ein klovn. Og til våren er eg ferdig med ein bachelor i nett dei tinga. Hire me.
Og så irriterer eg meg over utveklinga til internett og digitaliseringa generelt. Det går jo rett vest. Legekontor lar pasientar chatte med dei via Facebook Messenger. Kids får smartklokke med romavlyttingsfunksjon og GPS-sporing til jul. Vi har eit flott verktyg for deling av informasjon, og brukar det til å bygge eit dystopiverktyg for å generere reklameinntekter. Argh.
No skal eg skule stygt på ekstremvéret Ylva og lese til neste eksamen. Du kan surfe vidare på internett eller hjelpe meg med å samle data til den uhøgtidelege brukarundersøkinga mi ved å kommentere ein tilfeldig bokstav i kommentarfeltet.