Åh. No står ikkje verda til påske.
Korleis i alle dagar er ikkje valet avlyst enno. Frank Aarebrot gjekk bort i går. Den maskinelle teljinga som stemmesetlane våre skal igjennom visar seg å vere heilt på tur. Og no er jammen Hasse Alfredson daud óg.
Dette går jo ikkje.
Eg krev at måndag den 11. september 2017 blir brukt som nasjonal gravøl-dag (med alkoholfri øl eller saft, sjølvsagt), og at Valdirektoratet brukar dagen på å fikse stemmeteljinga. Så får vi heller vere utan regjering fram til teljesystema er i orden og verda har kome over den harde kneika det er å miste to viktige personar og bli utsett for ei rekke naturkatastrofar i løpet av ei helg.
Anten det, eller så forutser eg Irma bli statsminister.