Velkomen til WordPress. Dette er det fyrste nte innlegget ditt. Endra eller fj[…]
HEI INTERNETT! Eg har brukt over 3 månader på å flytte bloggen min.
Eller, det er faktisk ikkje sant. Eg har brukt over 3 månader på ikkje å flytte bloggen min, for eg har gjort mykje anna. Eg har oppnådd 60 studiepoeng på eit semester. Eg har mønstra av piratskuta. EG HAR VORE PÅ FERIE, EKTE FERIE, for første gong på 4 år. Og no er eg i gong med siste året i studiane mine.
Sida eg plutseleg har tid til sjølve livet (om eg klarar å inkorpere studiane mine i livet, vel å merke), så har eg òg lyst til å blogge meir om sjølve livet. Om alle dei rare tinga eg utforskar på alle plan av eksistensen min. Om småpirk som irriterar meg.
For eit (par?) år sida skreiv eg om skrivesperra som hadde hengt over meg i lang tid. For ei tid tilbake begynte eg å kjenne ei skrivetrang, altså sjølve motsettinga til skrivesperre. Det er bra! Då kan eg vere med på å fylle internett med innhald. Eg reknar framleis ikkje med at nokon les det eg skriv blir lest av nokon, men det gjer ikkje noko. Hallo, verda!
Hei, dette er ein kommentar men på nynorsk vert det kalla for innspel. For å starte med moderering, redigering og sletting av innspel, kan du gå til Innspel-skjermen i kontrollpanelet. Innspel-avatarer kjem frå Gravatar.