Eg begynte å tvile på synestesiane mine.
Her forleden laga eg meg ein kopp peparmyntete. Peparmynte er den friskaste teen eg kan tenke meg. Sterk, sval, kald og ljos blågrøn.
Det var berre det at teen i koppen var brun. Rykande, vassen brun, utan nokon pikant nyanse eller djupleik. Berre brun.
Medan eg sto og stirra ned i koppen slo det meg at konsistensen og fargane på peparmyntesmaken kanskje ikkje er ein synestesi ifrå mitt eiga hovud, men at den er eit resultat av indoktrineringa frå reklame som er har vore utsett for gjennom dei formande åra mine. Eg trur kanskje Wrigley og Extra-tyggisen kan ha planta assosiasjonane til blåfarge i sinnet mitt. Friskt smakar det jo uansett, men kvifor er friskt automatisk blått i hovudet mitt?
Synestesi er ikkje berre ei måte å assosiere på. I litteraturvitskapen brukar vi synestesi som eit fagleg omgrep, som ei slags blanding mellom metafor og språkleg bilete. Når synestesiar blir nytta i tekst får dei venger å fly på, og fleire lærar seg dei same synestesiane. Det er det eg trur kan ha skjedd med meg.
Og det gjer meg litt skuffa. Skuffa over meg sjølv, og skuffa over hovudet mitt. Men mest skuffa over peparmynteteen. Eg får trøyste meg med litt te.