Svartkledd

Denne veka har eg gått i svarte klede.

Nei, eg har ikkje blitt gother. Eller hobbysatanist.

Eg har gått med svarte klede for å vise støtte til kvinnene i Polen, som har protestert mot forslaget om å forby abort og gi det ei strafferamme på opptil 5 års fengsel.

I går kveld kom heldigvis meldinga om at den polske regjeringa snur. Men det er ein fattig trøst. Den polske abortlovgivinga er ikkje noko særleg betre enn forslaget. Dei einaste grunnane til å få innvilga ein abort er om ein har hatt sex med nokon i nær familie (ikkje fjernare enn søskenborn) eller ha blitt valdteken. Det vil i praksis seie at abort er forboden.

Den tyske avisa die Zeit har skrive om situasjonen for uønskte svangerskap i Polen, og det er langt ifrå oppløftande lesing. Kort oppsummert er situasjonen så ille at polske kvinner betalar foreiningar over 300 € for å reise til Tyskland og få utført ein abort. Musikaren Zdrada Pałki skriv om den medisinske aborten venninna hennar gjorde heime, med piller som dei hadde kjøpt på nettet. «Eg var redd ho skulle blø i hel» skriv Zdrada, som har skrive ein song om retten til eiga kropp. Ho er ganske kul, så kjøp musikken hennar.

 

 

 

Små straumdrag #1

Gniss

Gniss

Gniss gniss gniss

Det seier gniss.

Det gjer det

På den ville måten

Den spanande måten

Den rå måten.

 

Det gnissar seg mot når det skal gnisse seg med

Gnissar seg vidare

Gnissar fram og tilbake

Vil gnisse hol

Vil gnisse

Og gnisse

Og gnisse

Til det ikkje er meir att

Å gnisse på.