Johann Wolfgang von Goethe

Mannen bak dramaet eg skreiv bacheloroppgåva mi om fyller år i dag! Eller – han ville fylt år om han ikkje hadde vore daud. Og daud har han vore i eit par hundre år.

Egal – uansett. Goethe hat Geburtstag, og då må det feirast.

For eit år sida skreiv eg eit longt dadaistist drama i tre (eller var det fem) aktar om den litterære scena i Weimar rundt 1800. Og det viktigaste i den litterære scena i Weimar rundt 1800 var bromancen mellom Goehte og Schiller. (Viss du vil sjå ein masse germanisthumor og lære littmeir om tysk litteraturhistorie, sjekk ut Schoete.)

I høve dagen offentleggjer eg første scene av mitt storslåtte verk «Oh, Wolfie»

Dei som er med:

Johann Wolfgang von Goethe (Wolfgang)
Friedrich Schiller

Scene 1

Wolfgang og Friedrich sit i graset i ei idyllisk blomstereng

Friedrich

Oh, Wolfgang!

Wolfgang

Oh, Friedrich!

Friedrich

Oh, Wolfgang!

Wolfgang

Oh, Friedrich!

Friedrich

Oh, Wolfgang!

Wolfgang

Oh, Friedrich!

Friedrich

Oh, Wolfgang!

Wolfgang

Oh, Friedrich!

Friedrich

Oh, Wolfgang!

Wolfgang

Oh, Friedrich!

Friedrich

Oh, Wolfgang!

Wolfgang

Oh, Friedrich!

Friedrich

Oh, Wolfgang!

Wolfgang

Oh, Friedrich!

Friedrich

Oh, Wolfgang!

Wolfgang

Oh, Friedrich!

Friedrich

Oh, Wolfgang!

Wolfgang

Oh, Friedrich!

Friedrich

Oh, Wolfgang!

Wolfgang

Oh, Friedrich!

Friedrich

Wolfgang, mir graut’s vor Dir!

Wolfgang

Nee, Friedrich, so geht’s nicht. Der Typ heißt Heinrich!

Friedrich

Aber, Wolfgang, heute (blir avbrutt)

Wolfgang

ER HEIßT HEINRICH!!! Und dann bist du Gretchen!!!

Wolfgang går av scenen for å hente ei kjole.

Scene 2

Og meir serverer eg ikkje i dag. Det kjem ein masse fiktive figurar frå både Goethe og andre sine verk etterkvart. Og lemurar og marekattar. Masse lemurar og marekattar.

Var det den sumaren?

Hei, Internett.

Eg har bytta målform etter gruppepress heimanfrå. Eigentleg bytta eg målform etter ein tentamen på vidaregåande, men eg har vore vinglete i målet sida då. No får eg ikkje lov til det lengre.

Eg har innsedd at eg ikkje er noko bloggetryne. Eg kan skrive, men eg får liksom ikkje til å sette meg ned og skrive i mi eiga, offentlege loggbok. Eg klarar ikkje føre offentleg vevlogg, rett og slett. Det å loggføre meg sjølv er for privat til at eg går til å gjere det på eit offentleg sted. Og ein blogg er ein offentleg stad.

Ei stund prøvde eg å ha ranteblogg. Men det er eg for forsiktig til. Ei stund prøvde eg å lage teaterkritikkar. Men eg er ikkje ofte nok på teater, og ein teaterkritikk er ein tekst som er meta noko analogt som har vore, og er dermed ikkje særleg interessant for andre enn dei som var der. Ei stund prøvde eg på å vere morosam. Men eg er for sint til å vere gjennomgåande morosam, og for intern med meg sjølv til at andre forstår ironien min gjennom tekst.

Og no kjem hausten, tida der eg ideelt sett bør sette meg med eit pledd i fanget og ein kopp te, og hamre laus på tastaturet. Trøkke ut tekst som om verda gjekk under i morgon, og det einaste som kan hjelpe er at eg tømmer hovudet mitt på papir.

Eg tvilar på at det kjem til å skje. Og eg veit kvifor.

Sida eg var lita har eg drive med teater. Ein kunstform som kan oppsummerast slik: Ein person går gjennom eit rom medan ein annan ser på. Eg har alltid gjort ting i ensemble. Det er gjer åleine har eg aldri publisert, for å vere åleine har vore fritid. Ei anna seinskade frå teatret er at eg ikkje veit korleis eg formidlar noko utan å ha eit publikum. Etter å ha studert filologi bør eg kunne lage meg ein implisitt lesar når eg skriv, men det får eg altså ikkje til.

Eg har ikkje noko publikum. Men treng eg eigentleg det? I forordet til The boy who could save the world skriv Lawrence Lessig om at Aaron Schwarz blei frustrert då Lessig tipsa nokon andre om bloggen hans. For det Schwarz skreiv på bloggen sin var han sitt. Bloggen var den private notatboka hans.

Eg likar den tilnærminga. For det er i grunn ingen som les det eg skriv her. Kanskje grav nokon opp noko eg har skrive for lenge sida ein dag, men då er det dei som har dykka i arkivet, ikkje eit stort publikum som har venta på neste livsteikn.

Skrive som om ingen les det. Danse som om ingen ser.

Eg trur eg tar den koppen med te likevel, eg.

Installasjon

I forbindelse med et teaterprosjekt på studiene mine har jeg tilbrakt mye tid i Kristiansand Kunsthall de siste dagene. I dag kom jeg til skade for å lage en liten kunstinstallasjon da jeg skulle markere hvor aktøren vår skulle stå, og her er resultatet:

Party Hard (2015) Flue, paljett

Party Hard (2015) Flue, paljett

Installasjonen kommer til å bli liggende helt til noen trør på den eller feier den bort. Fram til 25. oktober henger det en kjempespennende utstilling av Aernoudt Jacobs som du kan se helt gratis, så ta turen innom. Kanskje du får se denne fantastiske installasjonen også.