– Tale?
– Ja, sa eg.
– Kan du passe hamsteren vår i jula?
– Klart det, sa eg.

Og slik gjekk det til at eg stålsette meg før uvêret Urd, fordi eg skulle ta vare på ein hamster. I fleire dagar førebudde eg meg. Eg lukka vindauga i leilegheita til hamsteren lille julaften, sånn i tilfelle. Eg klappa hamsteren litt før eg dro. Den tygde meg i handa som svar på det. Eg tok inn posten. Fylde på vatn. Skylde ut av kaffikanna. Dobbeltsjekka at buret sto beint.
Då uvêret kom palla eg meg inn i alt regntyget mitt, tusla bort til leilegheita med hamsteren og låste meg inn med hjartet i halsen. Ulte vinden utanfor? Rista huset? Var hamsteren daud av skrekk?

No har det seg slik at Urd var sterk vestavind, og denne leilegheita låg austvendt. Så det var sjølvklart heilt stillt. Regnet pøste ned, men det er vi vane med på Sørlandet, så alt var heilt normalt. Hamsteren var glad for meir vatn og mat, og løp rundt i hjulet sitt medan eg drakk litt kaffi og venta på ei lita pause mellom regnskurane så eg kunne tusle heim att. Då eg skulle gå klappa eg hamsteren litt. Den tygde meg i handa ein gong til. Så gravde den seg ned i sagflisene i buret sitt og somna.

hamster

Det skal meir enn ein julestorm til for å skremme dette dyret.

PS: er det nokon som veit om eg treng stivkrampesprøyte etter å ha blitt tygd av hamster?