Taletid

Taleskriv

Vevlogg

#den(jule)kjensla

– Tale? – Ja, sa eg. – Kan du passe hamsteren vår i jula? – Klart det, sa eg. Og slik gjekk det til at eg stålsette meg før uvêret Urd, fordi eg skulle ta vare på ein hamster. I fleire dagar førebudde eg meg. Eg lukka vindauga i leilegheita til hamsteren lille julaften, sånn […]

Små straumdrag #2

Eg begynte å tvile på synestesiane mine. Her forleden laga eg meg ein kopp peparmyntete. Peparmynte er den friskaste teen eg kan tenke meg. Sterk, sval, kald og ljos blågrøn. Det var berre det at teen i koppen var brun. Rykande, vassen brun, utan nokon pikant nyanse eller djupleik. Berre brun. Medan eg sto og […]

Dei får det jo ikkje til

Budsjettforhandlingane, type statsbusjett. Den tørraste delen av norsk politikk skjer nett no, parallelt med sjakk-VM, crazy presidentbonanza på andre sida av dammen og ein brutal overgrepssak. Politikarane har brukt dei to siste vekene på å vise at dei ikkje får til å lage budsjett sanan. Eller, å seie at det er politikarane er for raust av […]

Svartkledd

Denne veka har eg gått i svarte klede. Nei, eg har ikkje blitt gother. Eller hobbysatanist. Eg har gått med svarte klede for å vise støtte til kvinnene i Polen, som har protestert mot forslaget om å forby abort og gi det ei strafferamme på opptil 5 års fengsel. I går kveld kom heldigvis meldinga […]

Små straumdrag #1

Gniss Gniss Gniss gniss gniss Det seier gniss. Det gjer det På den ville måten Den spanande måten Den rå måten.   Det gnissar seg mot når det skal gnisse seg med Gnissar seg vidare Gnissar fram og tilbake Vil gnisse hol Vil gnisse Og gnisse Og gnisse Til det ikkje er meir att Å […]

Johann Wolfgang von Goethe

Mannen bak dramaet eg skreiv bacheloroppgåva mi om fyller år i dag! Eller – han ville fylt år om han ikkje hadde vore daud. Og daud har han vore i eit par hundre år. Egal – uansett. Goethe hat Geburtstag, og då må det feirast. For eit år sida skreiv eg eit longt dadaistist drama […]